Aktuelt

Aktuelle saker og nyheter fra RISE Fire Research
13. feb 25
Ny rapport: Forebygging av kroppsnære branner
18. des 24
Ny rapport: EBOB - Fasadar med solceller eller planter
13. des 24
Opptak av høstwebinar
14. nov 24
Ny rapport: Analyse av dødsbranner i Norge i perioden 2015-2020
21. okt 24
Høstwebinar med RISE Fire Research

Ny rapport: EBOB - Fasadar med solceller eller planter

Rapporten “EBOB - Fasadar med solceller eller planter. Eksperimentell studie av brannsikkerheit i fasadar med solceller (del 1) eller planter (del 2)” er no publisert. Studien omhandlar korleis fasadar med solcellemodular eller levande planter påverkar faren for brann.
Målet med studien har vore å belyse dei tre forskingsspørsmåla:
  1. Kva parameterar er det mogeleg å tilpassa ved bygging av fasadar med solcellemodular eller levande planter?
  2. Kva parameterar gir størst utslag på faren for brann
    • På faren for tenning?
    • På faren for vertikal brannspreiing langs fasaden?
    • På varmeeksponeringa mot bygget og nabobygget ved brann?
  3. Korleis kan fasadar med solcellemodular eller levande planter utformast med minst mogeleg fare for brann?
Del 1 Solceller: Det er funne at tre viktige faktorar for korleis ein brann kan utvikle seg i ein fasade med solcellemodular er:
  • avstanden mellom vegg og solcellemodul,
  • om solcellemodulane har einsidig eller tosidig glas og
  • kva for andre brennbare material som er i holrommet.
Forsøka med modular med einsidig glas (med eksponert plast på baksida) og det minste holrommet (6 cm) gav dei kraftigaste brannane Med aukande avstand tolte modulane meir varme frå startbrannen og gav frå seg mindre varme når dei tok fyr. Same effekt vart funne ved å bytte frå modular med einsidig glas til modular med tosidig glas. Det vart funne at å auke holromsavstanden med 4-5 cm har same effekt som å bytte frå modulen med einsidig glas til tosidig glas.

Del 2 Planter: Ved etablering av grøne plantesystem på fasaden kan ein velja mellom ulike produkt og løysingar. Nokre av systema er laga for å monterast utanpå den eksisterande fasaden, medan andre kan brukast som erstatning for fasaden og dermed fungere som klimaskalet til bygningen. På marknaden finns det både system som etter EN 13501-1 tilfredsstiller klasse A1 eller A2,s2,d0 og også system som ikkje har noko brannklassifisering i det heile. I tillegg vil plantene og den fysiske utstrekkinga av plantesystemet kunne påverke brannsikkerheita.
Forsøka med det brennbare plantesystemet viste både nedfall av brennande delar og brennande dråpar. Nedfall av heile modular frå plantesystemet bidrog til å begrensa brannspreiinga oppover i planteveggen. Bygningsveggen vart likevel direkte eksponert for flammer når modulane fall ned, og dersom veggen hadde vore brennbar og teke fyr, kunne dette bidrege til brannspreiing vidare oppover i holrommet. Både nedfall av brennande delar og brennande dråpar vil vera ein mogeleg mekanisme for brannspreiing nedover. I tillegg vil dette kunne medføre problem for sløkkeinnsats, eller for evakuering og redning frå bygget dersom brennande nedfall ramlar ned ved dører eller andre rømmingsvegar. Plassering av plantesystema bør difor planleggast slik at mogeleg nedfall ikkje vil medføre nemnde problem.
I dei utførde forsøka med det ubrennbare plantesystemet vart det ikkje målt høge nok temperaturar på veggoverflata til at det var fare for tenning der. Heller ikkje for eit nabobygg ville det vore fare for tenning ved forholda brukt i denne forsøksserien. Likevel, brann i plantene i ein plantevegg har vist å gi korte blaff med ein intens brann (høg varmeavgivingsrate), og vi kan derfor ikkje utelukka brannspreiing til nabobygg under dei rette forholda.

Testing og klassifisering, for begge systema: Både for solcellemodular og planteveggar er det utfordrande å gjennomføre nødvendige testar for klassifisering etter EN 13501-1 på ein relevant måte. Spesielt for grøne planteveggar gjeld også at dei levande plantene medfører at branneigenskapane endrar seg over tid.

Denne studien er finansiert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) som ein del av prosjektportefølgja under forskningsavtalen mellom DSB og RISE Fire Research. Del 1 av studien om solceller er utført i samarbeid med Fire Research and Innovation Centre (FRIC) og Dansk Brand- og sikringsteknisk Institut (DBI). 

Heile rapporten (pdf) finn du her: https://risefr.no/media/rapporter/ebob-fasadar-med-planter-eller-solceller-eksperimentell-studie-av-brannspreiing-i

Resultata frå studien vart også presentert på RISE Fire Research sitt haustwebinar, og presentasjonen kan sjåast her: https://www.youtube.com/watch?v=38Qw22iqXlo&t=602s
 

Arkiv