Aktuelt

Aktuelle saker og nyheter fra RISE Fire Research
12. apr 24
Ny rapport: BraTeK brannbeskyttende tekstiler
8. mar 24
Branntester for trygg luftfart
25. jan 24
Ny rapport: Feiing av ildsteder
5. jan 24
Brenner elbiler mer enn fossilbiler?
20. des 23
Ny rapport: Brannsikkerhet ved oppføring og rehabilitering av bygg

Ny rapport: BRAVENT – Tetting av ventilasjonsfilter med brannrøyk

Rapporten “BRAVENT – Tetting av ventilasjonsfilter med brannrøyk” er no publisert. Arbeidet er ein del av BRAVENT prosjekta, der målet er å finne svar og dokumentasjon på aktuelle problemstillingar knytt til ventilasjon og brann, ved å undersøke desse med eksperimentelle brannforsøk.

I denne studien vart det gjennomført to testseriar for å undersøke tetting av ventilasjonsfilter med brannrøyk. I forsøka vart brannrøyk trekt gjennom eit ventilasjonsfilter og det vart målt kor raskt filteret gjekk tett.

I dei fleste forsøka som er gjennomført gjekk det omkring ein time før filteret vart tett, men det vart også gjennomført forsøk der filteret vart tett i løpet av få minutt. Dette viser at filteret kan gå tett svært raskt.

Ein må dermed sikre røyken ei alternativ rute utanom filteret dersom det er nødvendig å oppretthalde ei viss luftmengde i ventilasjonsanlegget ved brann sidan ventilasjonsfilteret kan bli tett i løpet av få minutt.

Studien er finansiert av Omsorgsbygg Oslo KF, Undervisningsbygg Oslo KF, Sykehusbygg HF og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Vi har også et nylig oppstartet prosjekt som er en etterkommer av dette prosjektet, med samme navn: (link).


Les rapporten her (pdf)

bravent-rapportbilde1-full-opplosning
Bilde av testoppsett i testrunde 2.
bravent-rapportbilde3
Bilde av brannrommet med eit bål av oppdelte trepallar.

Arkiv