Aktuelt

Aktuelle saker og nyheter fra RISE Fire Research
7. feb 22
Ny rapport: Brann i holrom bak royaloljebehandla kledning av furu
15. nov 21
Nytt prosjekt: Skogbrann
21. sep 21
Ny rapport: Effektiv, skånsom og miljøvennlig slokking av brann i mindre bygningsenheter
9. jul 21
Nye prosjekter: Hydrogen og Ammoniakk
2. jul 21
Ny rapport: Vurdering av branntekniske egenskaper til fasadekledning av tre

Ny rapport: Brann i holrom bak royaloljebehandla kledning av furu

Rapporten «Brann i holrom bak royaloljebehandla kledning av furu» er no publisert. Hensikta har vore å undersøkja korleis ulike parametrar som materialbruk og geometri påverkar brannen i dette holrommet. Dette er gjort ved å bruka både royaloljebehandla og ubehandla kledning av furu, vindsperre med to ulike brannklassar og to ulike typar lekting i ulike kombinasjonar i dei forskjellige forsøka.

Denne rapporten inneheld målingar, observasjonar og resultat frå til saman 30 forsøk med brann i holrommet mellom ytterkledning av tre og vindsperre. Forsøka er utført ved RISE Fire Researchs laboratorium i Trondheim hausten 2021.

Oppbygginga av dei ulike forsøksoppsetta er gjort på ein måte som er meint å vera representativ for typiske konstruksjonar i norske hus med trekledning. Alle veggane har vore flate, med tett kledning og utan innvendige hjørne, utspring, dører, vindauge eller andre gjennomføringar. I dei fleste forsøka blei det gjort tiltak for å skjerme utsida av kledninga for eksponering for startbrannen. I fleire av forsøka etablerte brannen seg også på utsida av kledninga etter at det hadde brent gjennom kledninga frå innsida. Det er også gjennomført storskala forsøk, der både holrommet og framsida av kledninga vart eksponert for startbrannen.

Resultata frå dei utførte forsøka viser at bruk av royaloljebehandla kledning ikkje hadde nokon statistisk signifikant innverknad på korleis brannen i holrommet spreidde seg.

Resultata tyder på at bruk av vindsperra med brannklasse F førte til raskare flammespreiing og temperaturstigning enn ved bruk av vindsperra med brannklasse A2, men dette er ikkje statistisk signifikant og kan skuldast tilfeldige variasjonar.

Forsøka med vertikal lekting viste raskare temperaturstigning i holrommet enn forsøka med krysslekting. Dette vil seie at varmen spreier seg raskare oppover i holrommet der dette utgjer samanhengande vertikale kanalar enn der holrommet heng saman både horisontalt og vertikalt mellom krysslektinga. I holromma med krysslekting spreier derimot varmen og brannen seg i større grad sidelengs enn i holromma med berre vertikal lekting.

Brannen i holrommet vart i mange av forsøka avgrensa av tilgangen på oksygen. Dette viser at tilgangen på luft i holrommet kan vera like viktig for å avgrense brannspreiinga som dei branntekniske eigenskapane til materiala inne i holrommet. Når holromsbrannen blir avgrensa av oksygentilgangen vil det bli danna større mengder brennbare gassar i røyken. Dette kan føre til at brannen kan spreie seg til andre stader dersom denne gassen tek fyr.

Rapporten er utført på oppdrag fra Talgø MøreTre AS, Alvdal Skurlag AS, Marnar Bruk AS og Boligprodusentenes Forening.

Les rapporten her: (pdf)

Arkiv